Blåtind Fotografikk

Historie

Føretaket var skipa i 2014, og vart lansert under namnet Himmelhøgt. I 2019 skifta det namn til Blåtind Fotografikk.

Joar Ødegård frå Eiksund skipa Blåtind FG. Føretaket er i dag heimhøyrande i bygda, noko som er heilt naturleg å gjere sidan Eiksund meir eller mindre ligg som eit sentrum for regionen med Eiksundtunnelen som bringer Ørsta, Volda og Stryn nærmare.

Joar har ei årelang erfaring med tekst og bilder, ei interesse som skriv seg tilbake til barndomen. I 2014 la han difor alle andre yrkesval på hylla for godt, og satsa på at hobbyen kunne gjerast om til eit levebrød.

Dreven av detaljar

Det kan vel seiast av detaljar er det som preger kvardagen vår, sidan alt vi jobbar med på ein eller annan måte involverer at detaljane er med, synlege, skarpe og definerer arbeidet.

Som ein del av kvalitetsleddet fra førespurnad til levert produkt, er det for oss viktig å gjennomgå kvart oppdrag nøye for å vite nøyaktig kva potensiale som finns, og kva som må gjerast for å oppnå det aboslutt beste resultatet.

Effektivitet

Vi prøvar så godt det lar seg gjere å levere innanfor det som er forventa. Nokre gongar krev oppdraget ekstra merksemd – noko det er verdt, men som kan føre til lengre leveringstid.

Kvalitetsbevisst

Kvalitet er heile produktet sin identitet. Det vert difor lagt vekt på å utføre kontroll av arbeidet langsmed, slik at sluttproduktet framstår godt ihht. dei ønsker og krav du som kunde har.

Mangeårig erfaring

Kunnskapen i Blåtind FG går fleire tiår tilbake i tid, til tross for at føretaket først vart skipa i 2014. Denne kunnskapen skal kome våre kundar til gode, men vi er stadig lystne på å lære meir.